Årsmøte-nytt

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 20. Mar 2019


Årsmeldingane vart godkjende.  Ved ein glipp var ikkje årsmeldinga til O-gruppa komen med, den blir å ta med i referat frå årsmøte.  Trimgruppa si årsmelding vil også kome som eit tillegg.  

Medlemskontingent og treningsavgifter vart vidareført med same satsar som i 2018.  


Medlemsavgift

Treningsavgift

Born 0 – 10 år

200 kr

0

Born 11 – 19 år

200 kr

350

Vaksne

300

500


Rekneskapen syner ei omsetning på over 800 000 siste år, der inntektene har vore medlemskontingent (128`), tilskot (181`) Stemneinntekter/sal/utleige (172`) Basar/dugnad (75`), Sponsor/gåver (144`) og Parkering Kleivane (176`). Største utgiftspostane har vore Kleivane, Reparasjon/Vedlikehald, Treningsavgift/halleigeog utstyr/premiar.  Overskotet vart om lag to hundre tusen kroner, noko som kjem vel med for framtidige investeringar på m.a. Kleivane.  Laget ar ein sunn og god økonomi, og er vel-drive.

Halleiga var diskutert under årsmøtet.  Den er stor, spesielt for handballgruppa.  Styret og årsmøtet er samde om å skjerme dei yngste i laget for ekstra treningsavgifter for å dekke noko av halleiga, og dermed at laget dekkjer det som det kostar å leige Trivselshallen. Halleiga er imidlertid så høg at årsmøtet uttrykte bekymring for at det blir dyrt å gje dei yngste gode treningstilbod til ein overkommeleg pris.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.