Kategori
Lagsrekordane i friidrett i Fjellhug/Vereide
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 1. Nov 2019
Eg har ikkje så mange bilete frå "gamle dagar" på friidrettsbana, men på dette finn ein nokre av lagsrekordhaldarane. Framme f.v.: Merete Lund, Astrid Fjellestad, Elisabeth Fjellestad, Anne Merete Kleppenes, Ane Lote, Jorunn Lund og Olin Austrheim. Bak f.v.: Odd Bjørn Hjelmeset, Ragnar Christensen, Kjell Ove Hauge, Roger Hjelmeset, Rune Fjellestad og Terje Christensen.
Her er oppdaterte lagsrekordar i friidrett, og dei kjem også truleg på trykk i komande nr av Gloptimisten. Sidan arbeidet er gjort, kan det vere greitt å ha dei inn også på heimesida.
Med unntak av Lisa Selsvik sin sleggerekord, er alle frå før 1988. Då Gloppen FIL vart skipa, gjekk seniorane inn i dette laget.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.