3. oktober er det klart for "Prøve-NM" Gloppen Halvmaraton
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 7. Jul 2020
(foto: Svein Hjelmeset)
Som dei halvmaraton-interesserte har fått med seg, vil neste års NM bli arrangert på Sandane, som Gloppen Halvmaraton. Det blir spanande!
Vi reknar difor med at mange vil prøve løypa i år, for å vere godt budde til 2021. Påmeldingane er i alle fall byrja å kome inn: Aldri har vi hatt 15 påmelde tre månader før start :-) !
Det er eit spesielt idrettsår i år, med koronareglement som overstyrer veldig mykje av det vi er vane med. Det er i alle sin interesse at vi respekterer og følgjer desse bestemmelsane, og dei er nok også etter kvart velkjende. Her er dei viktigaste, som får praktisk betydning for Gloppen Halvmaraton:
- 1) Det vert ikkje høve til etterpåmelding. All påmelding skal gjerast via påmeldingslinken som de finn via mosjon.friidrett.no
- 2) Det vert oppsett startheat. Dei startar med 2 minutt mellom kvart heat. Kvart heat er på max 25 løparar.
- 3) Vi seedar heata, slik at dei antatt beste startar først. Det er difor viktig at de oppgjev årsbeste/ fjorårsbeste ved påmelding.
4) Vi har kun lov å dele ut flaskevatn på drikkestasjonane. Drikkestasjonar ved 6,5 km, vending ved 10,5 km og ved ca 14,5 km
5) Hald avstand, hugs 1m-regelen! Handvask (Antibac) finn ein i start/målområdet. Pga koronareglane vert det ikkje den vanlege premieringa, men deltakarmedaljer blir levert ut saman med startnr. Gloppen Hotel er også ein hyggeleg sponsor å ha med: Dei set opp overnatting for to personar inkludert tre-rettars middag for ein heldig vinnar!
Link til påmeldingsside:
https://mosjon.friidrett.no/participant/arrangement.aspx?id=302766#init
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Fjellhug/Vereide IL
Gloppetrim nr. 5, 22. mai
24.05.2024
Gloppetrim nr 3 og 4
15.05.2024
Gloppe-Trim nr. 2
02.05.2024
Gloppetrimmen er i gang igjen!
24.04.2024