BANO er med på laget!
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 26. Des 2021
BANO er ein viktig og god støttespelar for Fjellhug/Vereide il. I høve NM Halvmaraton 2022, som er lagt inn i Gloppen Halvmaraton 1. oktober neste år, har BANO og Fj/V inngått ein avtale som omfattar NM/Gloppen Halvmaraton i 2022 og 2023, samt Svinestranda Opp i same tidsrom.
Når vi veit at BANO er ei fantastisk og leiande bedrift i Noreg på sitt område (produksjon av baderomsmøblar for institusjonar), og når vi veit at dei er ei bedrift i ekspansjon her i Gloppen; ja då er det veldig kjekt for oss at vi får støtte og hjelp frå dei til arrangementa våre.
Deira reklamesegl og beachflagg vil vere å sjå på desse arrangementa i dei to neste åra. Applaus for ei god Gloppen-bedrift!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Fjellhug/Vereide IL

Gloppetrim nr. 5, 22. mai
24.05.2024

Gloppetrim nr 3 og 4
15.05.2024

Gloppe-Trim nr. 2
02.05.2024

Gloppetrimmen er i gang igjen!
24.04.2024