Trivselshalleikane - Vi må diverre avlyse
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 4. Jan 2022
Også i år må vi gå til det litt triste steget å avlyse Trivselshalleikane, som skulle gått i Trivselshallen 22. januar.
Leiarane i friidrettsgruppene i STIL og Fjellhug/Vereide il diskuterte dette i går, og vi finn at med dei usikre tidene vi er i, i høve til smittesituasjonen i landet, og det å samle så mykje folk innandørs til eit friidrettsstemne, vil ikkje eit innandørsarrangement som dette smake særleg godt. Heller ikkje triveleg å ha eit arrangement der utstrakt maskebruk ville vere ønskjeleg, eller til og med eit krav.
Vi hadde ikkje trudd det skulle bli slik i år, men slik vart det, og då har vi som arrangørar funne det rett å avlyse.
Vi held fram den gode fellestreninga vi har i friidrett på tirsdagar slik vi har hatt det før jul, og så ønskjer vi alle velkomne til konkurransar ute litt lenger ut på våren.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Fjellhug/Vereide IL
Gloppetrim nr. 5, 22. mai
24.05.2024
Gloppetrim nr 3 og 4
15.05.2024
Gloppe-Trim nr. 2
02.05.2024
Gloppetrimmen er i gang igjen!
24.04.2024