Har du betalt årskontingenten?
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 5. Jan 2022
Medlemskontingenten er svært viktig for laget, av minst to grunnar.
Den eine er sjølvsagt den økonomiske delen; den er med på å gje laget naudsynt kapital til dei mange oppgåvene som laget har.
Den andre viktige grunnen er å medvirke til at Fjellhug/Vereide il har eit høgast mogeleg medlemstal. Medlemstalet er svært viktig når det skal søkjast på offentlege midlar, eller søkjast anna støtte.
Kasseraren har sendt ut kontingentkrav til alle i haust, og purring til dei som ikkje har betalt, i desember. Framleis er her omlag 75 av våre medlemer som ikkje har betalt kontingenten, og Fjellhug/Vereide il håpar verkeleg vi slepp å slette desse av medlemslistene. Bli med oss inn i 2022!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Fjellhug/Vereide IL
Gloppetrim nr. 5, 22. mai
24.05.2024
Gloppetrim nr 3 og 4
15.05.2024
Gloppe-Trim nr. 2
02.05.2024
Gloppetrimmen er i gang igjen!
24.04.2024