Innbyding NM Halvmaraton/Gloppen Halvmaraton
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 20. Jan 2022
Innbyding til Gloppen Halvmaraton/ NM Halvmaraton 2022
Fjellhug/Vereide il innbyr til NM Halvmaraton 2022, som er innlagt i Gloppen Halvmaraton.
Dato: Laurdag 1. oktober 2022
Påmeldingsfrist: Tirsdag 20. september
Start: Kl 14.00, med mogelegheit å starte kl 13.00 for dei som brukar lengst tid på distansen. Dei som kjem til å bruke +2 timar, kan vel pulje 1 (start kl 13). Alle andre vel pulje 2 (start kl 14). Vi reserverer 99 startnr til pulje 1.
Startstad: Ved Idrettsplassen i Sandane sentrum
Henting av startnr.: Frå kl 10.00, ved Idrettsplassen
Løypetrasse: Start ved Idrettsplassen i Firdavegen, vidare på FV615 langs Gloppefjorden, med vendepunkt ca 3 km forbi Sande. Same veg tilbake til mål. Lågaste punkt i løypa 2 moh, høgste punkt 18 moh. Underlag: Asfalt. Deler av løypetrasseen er stengd for biltrafikk under løpet (0-3 km, 3-7,5 km og 13,5 – 18 km )
Drikkestasjonar: 6,5 km – Vendepunkt – 14,5 km – 18,5 km. Drikke: Saft/vatn.
Garderobar/Dusj/Toalett: Trivselshallen. Toalett også i STIL-stova ved Idrettsplassen. Ope frå kl 11.00
Kiosk: I arrangementsområdet
Parkering: Ved Trivselshallen, Gloppen Ungdomsskule, Sandane sentrum
Startkontingent: kr. 350,- ved påmelding innan 1. sept. Kr. 450,- ved seinare påmelding. Blir påmelding godtatt etter 20. sept., vert startpengane sett til 550,- kroner.
NM-start: Du MÅ vere medlem av eit registrert idrettslag
Påmelding: EQtiming. NB: To val når du skal melde på: NM Halvmaraton og Halvmaraton
Premieutdeling: Meisterskapsmedaljer til dei tre beste i kvar klasse. Ekstra gåvepremie til klassevinnarane
Link påmelding EQ-timing: Gloppen Halvmaraton/NM Halvmaraton 2022 (eqtiming.com)
Overnatting: Gloppen Hotell, Gloppen Camping og fritidssenter, Reed Camping, div. utleigehytter, Thon Hotel (Skei i Jølster) Ver ute i god tid, der er avgrensa hotellkapasitet.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Fjellhug/Vereide IL
Gloppetrim nr. 5, 22. mai
24.05.2024
Gloppetrim nr 3 og 4
15.05.2024
Gloppe-Trim nr. 2
02.05.2024
Gloppetrimmen er i gang igjen!
24.04.2024
Årsmøte 2024
15.03.2024