KM Terrengløp - svært svak deltaking

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 29. Apr 2022

Maria Klakegg, Jølster vann gull i 13-årsklassen, medan Aurora Svalheim, STIL, tok sølvmedaljen i J-13

Resultat: KM Terrengløp S&Fj 2022 (eqtiming.com) 


KM terrengløp vart utsett frå palmesøndag til torsdag 28. april.  Om det var utsetjinga, eller andre grunnar: Deltakarane, både dei som var påmelde før påske, og nye, glimra med sitt fråver.  Kun 7 løparar møtte på startstreken, der 5 var i 13-14-årsklassen, og 2 stilte i veteran.

Vi veit ikkje grunne til at så mange uteblei.  Vanlegvis plar det vere både seniorar, og ikkje minst veteranar på startstreken, men altså ikkje denne gongen.  Som arrangørar følte vi oss litt snytte, for det er ein god del arbeid som ligg bak eit arrangement, eit arbeid som stort sett er det same om der er få eller mange deltakarar. 

Vi vil likevel dra fram ei positiv oppleving.  Vi nytta påmeldings- og resultatsystemet EQtiming for første gong, og det fungerte greitt.  Når vi får litt trening med det, er det resursbesparande i forhold til å handtere påmeldingar, og i bruk av funksjonærar til tidtaking.  Neste gong vi tek EQtiming, som er innkjøpt av friidrettskrinsen, i bruk, vert ved motbakkeløpet Svinestranda Opp 26. juni.  Vi reknar med der er 4G-dekning på toppen...

Elles: Neste KM må nok tilbake til ei helg, torsdagsløp slo ikkje an, tydelegvis.


RESULTAT:  Resultat_04_05_2022_22_03_04.pdf


Ivar Bruun, GFILK og Inge Asbjørn Haugen stilte i veteranklassen

Nils Lothe, STIL og Emanuel Aarseth, Jølster var dei to einaste gutane som var med.

Diverre mangla vi bilete av Ella Gule, Brodd i J-14.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.