Svinestranda Opp - påminning til funksjonærane
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 14. Jun 2022
Funksjonærar Svinestranda Opp 2022
Søndag 26. juni, Start i Firdavegen kl 12.00
ved Vereide Bakeri utsal.
60+ startar 11.30.
14 år og yngre startar kl 12 (Austrh.støylen)
Leiar: Dagfinn Nyhammer;
Startområdet: Margit Nyhammer, Marit Myklebust Hauge
Austrheimsstølen : Harald Slettvoll (leiar), Kjell Jørgen Slettvoll, Morten Leirgul,
Trimregistrering frå kl 10.30: Trimgruppa:, Dag Apalset,(organiserer), Dagfinn Slagstad, Olav Arne Vereide
Speaker: Harald Slettvoll
Ansvarleg Austreimstølen: Telt med meir+ rydding: Odd Bjarne Tveit (leiar). Harald Slettvoll
Premiering: Dagfinn Nyhammer
Startar: Sentrum: Arne Klakegg (tlf.kontakt til toppen)
Austrheimsstøylen:, Kjell Jørgen Slettvoll
Tidtking Austrheimst.: Kjell Jørgen Slettvoll(leiar), Morten Leirgul
TidtakingSvinestranda: Mariann Skaaden(leiar), Kristian Skaaden, Geir Skåden
Svein Hauge (EQtiming-stasjon)
Saft/vatn: Leiar: Birger Berge
Fossen/Vegen: Jon Solheim, Per Engeseth
Austr.stølen: Birger Berge (leiar) Arne Nesgård
Grønebakkane: Elling Hauge, Øystein Fjellestad
Svinestranda: Hans Arne Lundestad +
Vakter: Sandane /E39 Arild Nes (Leiar) Jon Slagstad,
Frode Fjellestad, Elling Fjellestad.
Holvikfossen: Oddgeir Leirgul,
Austr.stølen, Parkering: Terje Solheim, Rune Fjellestad,
Foto: Vidar Nyhammer
Bompengar: Vegard Engeset
Løype: Merking: Kennet Fure
Kiosk: Økonominemnda v/ Roger Sunde Andenæs
Straum agregat: Leidulf Gloppestad/ Ståle Austrheim
Opprydding etter starten i sentrum: Arne Klakegg/Marit Myklebust Hauge
Utlevering av premiar m.m. i sentrum etter løpet: Margit Nyhammer
SFE-Portal ved start. Kjell Arne Bakketun, Vidar Føleide
Dersom problem, ta kontakt med Dagfinn Nyhammer snarast. tlf. 41227968
Praktisk info:
Berre ei og ei halv veke til Svinestranda Opp; håpar de er klare! Dette er berre ei lita påminning, med ei oppdatert funksjonærliste, og litt praktisk orientering.
Det er førebels lita påmelding, men det er frå no, og ei veke framover dei brukar å kome. Med Storehesten Opp på laurdag, kan det godt hende at det blir ei tynnare deltaking i år enn vi er vane med.
Rigging på støylen: Kan Odd Bjarne, Birger, og Kjell Jørgen vere med på fredag kveld kl 18.00 å køyre opp det som skal til (telt, bord…)
Før stemnet søndag: Odd Bjarne, Harald, Kjell Jørgen og Morten riggar til i god tid. Ta i mot evt. etterpåmeldingar av dei som skal starte frå støylen. Meld frå på mobil eller radio til sekretariate v/ Margit, slik at vi får dei inn i EQtiming tidtakarsystem. Kjell Jørgen får dei på startstreken, slik at dei startar når startskotet går på Sandane: Presis kl 12.00.
Speaker: I Per Rune sitt fråvær, håpar eg at Harald tek seg av speakertenesta. Ikkje så mykje å gjere som speaker, før løparane byrjar å passere.
Tidtaking mål: Her har vi i år EQtiming, som Svein H. er ansvarleg for. Likevel må vi ha back-up, og Mariann har kontroll på dette. Reknar med at ho har med seg Kristian og Geir, og ein av dei kan hjelpe Hans Arne med saftlanging.
Tidtaking mellomtid Austrheimsstøylen: Morten og Kjell Jørgen nyttar appen EQtiming, og registrerer mellomtider (PS: Der er bra 4G dekning ved passeringspunktet, etter det eg fann ut). Dersom det ikkje er god nok dekning, registrerer vi tider manuelt, på «gamlemåten. Det er mogeleg vi får hjelp av Arild Horntvedt til dette også
Drikkestasjonar: Birger har ansvar, og kontrollerer at dei oppsette er klare til å møte opp.
Vakter: Arild Nes kontrollerer at vaktene møter opp
Premiering: Den vil vere på støylen ca kl 14.45-1500. Premie til klassevinnarane er kortreiste produkt (gåvepakning) frå Gloppen. For at ikkje løparane skal få for mykje å bere nedatt frå fjellet, blir desse premiane utdelt på stemnekontoret i sentrum, når løparane kjem ned att. Margit N. ordnar med dette, og ho låser også opp garderobane i STILstova til løparane er nede igjen.
Merk også at funksjonærane er med i trekking om ein premie på kr. 1000,-, saman med trimmarar og løparar.
Vi håpar også at funksjonærane er velvillige til å ta med seg løparar som ønskjer transport etter løpet.
Til slutt: Fleire funksjonærar er oppsett med litt dobbeltroller, men ikkje verre enn at det skal gå an å handtere:
Vi håpar på ein fin dag på fjellet, med den gode ramma som Austrheimsstøylen skaper etter løpet!
Mvh
Dagfinn Nyhammer
Leiar Fjellhug/Vereide il, friidrett
Mobil 412 27 968
Epost
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Fjellhug/Vereide IL
Gloppetrim nr. 5, 22. mai
24.05.2024
Gloppetrim nr 3 og 4
15.05.2024
Gloppe-Trim nr. 2
02.05.2024
Gloppetrimmen er i gang igjen!
24.04.2024
Årsmøte 2024
15.03.2024