Deltakarinformasjon for NM Gloppen Halvmaraton
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 16. Sep 2022
Ragnhild frå Sandane i fint driv over Storebrua i fjorårets halvmaraton
Informasjon Gloppen Halvmaraton 2022
- Det vert ingen spesielle Covid-19-reglar i år. Men generelt gjeld likevel at ein tek omsyn, og ikkje stiller opp om ein har mistanke om at ein kan vere korona-smitta.
- Parkering: Ved Trivselshallen (tilkomst Gotavegen v/ Bunnpris). Også parkering i sentrum. Det blir ikkje lov å parkere i start/målområdet. Skilt og parkeringsrettleiar ved Bunnpris
- Start, mål og sekretariat vert ved STIL-stova, som ligg ved Idrettsplassen i sentrum (Firdavegen)
- Garderobar med toalett finn du i Trivselshallen (100 m frå Idrettsplassen). Garderobe nr 6 er for menn, garderobe nr 5 for kvinner. Der er også toalett i STIL-stova, kjellaretasjen, og 2. etg
- Påmelding: Alle skal vere påmelde innan fristen. Startnummer m/brikkerog nåler er pakka i konvolutt som vert utdelt i sekretariatet før start. Sekretariatet er ope frå kl 10.00. Startliste med nummer ligg også på EQTiming NM/Gloppen Halvmaraton/NM Halvmaraton 2022 (eqtiming.com)
- Start:
- Kl 13.00 for dei som ønskjer å starte tidleg, eller har oppgjeve eit antatt sluttid på + - 2 timar
- Kl 14.00: Hovudstart (fellesstart)
- Løypa: Starten: Løypa går i Firdavegen, ned mot krysset til FV615. Ledebil framfor hovudfeltet.
- Tilbake mot mål: Ein følgjer gata tilbake, i krysset ved Intersport. Det er ikkje lov å kutte inn mot hjørnet av bygget, slik ein har kunna gjort tidlegare år.
- Løypa er kontrollmålt i haust , og er sertifisert nasjonalt og internasjonalt.
- Startnummer: 1 – 100 for tidleg-startande, 101 og oppover for hovudfeltet. Dei som stiller i NM-klassen har svarte siffer, dei som stiller utanfor NM har raude siffer. Det vert også «startnummer» som viser klasse, det skal festast på ryggen.
- Premiering:
- NM-medaljer i junior-, senior- og veteranklassane
- Premie til beste tid i kvar klasse, i eller utanfor NM Halvmaraton
- Premie til beste dame- og herre-tid
- Premiar uttrakt på startnummer, m.a. overnatting/middag for 2 personar på Gloppen Hotell
- Resultat: Tidtaking er elektronisk, med brikke i startnummeret. Resultata vert slått opp så snart dei er klare, og også lagt ut på heimesida same kveld http://www.fjellhugvereide.no/p/22449/gloppen-halvmaraton Vi har mellomtid for 7 og 14 km.
- Drikkestasjonar: I løypa: Etter ca 7, 10 og 14 km, og i mål. Eigne drikkeflasker kan leverast inn, må merkast, og blir tekne med til stasjonen på Rygg (7/14 km) der dei blir plassert på eige bord. Løparens eige ansvar å finne flaska si!
- Kiosk: Enkelt utval av drikke, mat og sjokolade. Vi vil elles anbefale kafear på Sandane og omegn, som gode stader å få seg mat. Lauget Kultur og Kafe, Vafleriet, Fjæra Mat, Gloppen Hotell, Bakaren , Mona Lisa
- VIKTIG: Der er sett restriksjonar på biltrafikken i løypa, men det vil i enkelte deler vere trafikk. VER DIFOR OBSERVANT PÅ TRAFIKKBILETET UNDERVEGS. SJØLV OM DET KØYRER LEDEBIL FRAMFOR DEI FREMSTE, ER AVSTANDANE STORE TIL DEI SOM KJEM BAK.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Fjellhug/Vereide IL
Gloppetrim nr. 5, 22. mai
24.05.2024
Gloppetrim nr 3 og 4
15.05.2024
Gloppe-Trim nr. 2
02.05.2024
Gloppetrimmen er i gang igjen!
24.04.2024