Heimesida - KOM MED STOFF!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 30. Okt 2014

Vi går mot vintersesong, med ski ute, og ballidrettar inne. Her må vi få meir stoff inn på heimesida! No er ein komen over dei første startvanskane med ny heimeside, så då må vi bruke den for det den er verdt.

Vel og bra med Facebook-sider, og det må gjerene brukast som eit raskt og godt supplement, men heimesida vår er også viktig for dei som ikkje er knytt opp mot dei ulike facebookgruppene, ikkje er på FB i det heile teke, og for dei mange utanfor Fjellhug/Vereide som følgjer med oss.

Så send stoff til dagfinn.nyhammer@enivest.net (word-format), send bilete i jpg-format, så skal eg etter beste evne prøve å få det inn på sida.

Det aller beste er om gruppene skriv sjølve, her kan redaktøren gje førstehjelp til det mest elementære som skal til for å publisere stoff. Skriv du sjølv, vert stoffet rykande ferskt (noko som er ein føresetnad på internett-medium).

Dagfinn

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.