SKÅLA OPP

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 16. Aug 2015

I går,laurdag 15.august, vart Skåla Opp arrangert for 14.gong. Det var ein frå USA, som i år sprang fortast dei 1848 m til toppen,på tida 1.09.01.
Forholda såg ut til å vere nokonlunde, sjølv om det var ein del snø i løypa. Kald vind på toppen,gjorde til at oppholdet der oppe vart av det korte slaget. Men likevel, med den sommaren vi har hatt i år, skal alle vere fornøgde med at det var opplett og tilogmed litt sol.
Fleire frå Gloppen og Fjellhug Vereide IL har Skåla opp som eit av høgdepunkta for motbakkesesongen, og fleire hadde gode tider.
Best av "våre" var Stig Svalheim, som kom opp på tida 1.25.58, mens Sverre Nesdal Aske fekk tida 1.27.14.
Eirik Rauset (17 år) kom opp på 1.29.38 og slo storebror Andreas med 20.sekund.
Resultatlister her: http://live.eqtiming.no/7261#result:24045-0-837730-1-

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.