Gloppen Halvmaraton laurdag 8. oktober
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 31. Aug 2016
Gloppen Halvmaraton vert arrangert på Sandane laurdag 8. oktober, med Fjellhug/Vereide Il som arrangør. Start kl 14.00.
Det er tredje året vi arrangerer løpet, og dei to første åra må karakteriserast som testar av trasè og interesse for løpet. Begge deler har falle positivt ut, og no satsar vi på at vi får enno fleire til start enn i fjor då det var i underkant av 20 løparar med. M.a. er det i år allereie kome påmeldingar frå Bergens-kanten; det lovar godt!
Innbydinga vert snart lagt ut her på sida, men nokre korte stikkord her:
- Start og mål er i Sandane sentrum, og løypa går langs RV 615 langs sørsida av fjorden. Vendepunkt er ca 4 km forbi Rygg.
- Påmelding kan sendast på epost til dagfinn.nyhammer@enivest.net
- Startpengar er kr. 150,-. Betalast inn til konto 3710.30.87512, merkast "halvmarathon"
- Dei som ikkje har heilårslisens, må plusse på kr 30,- for eingongslisens.
Sjå meir på eigne sider
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Fjellhug/Vereide IL

Gloppetrim nr. 5, 22. mai
24.05.2024

Gloppetrim nr 3 og 4
15.05.2024

Gloppe-Trim nr. 2
02.05.2024

Gloppetrimmen er i gang igjen!
24.04.2024